03 januar 2008

"Andvake" av Jon Fosse (2007)

-”Så no er han vesle Sigvald født”. Slik sluttar siste boka til Jon Fosse, om skildringa mellom Alida og Asle – to tenåringar – som nett er komne til regntunge Bjørgvin for å finna seg arbeid og stad å bu.

Vi er i gamal tid, det er Bergen som er byen. Ho er gravid, dei eskar kvarandre, har berre kvarandre, to byltar med ting og tang og fela etter far sin som han ber med seg.
Dette er ei vakker forteljing om kjærleik og kva dette kan gjera mellom menneske i ein gitt situasjon. Bakom ligg løynde ting, lesaren anar, fryktar og fortvilar. Det er eit sug i denne forteljinga du ikkje slepp unna.
Det går på livet laust, og som ein Raskolnikov anar vi at Asle brøyter seg veg for Alida og han sjøl.


-”Det er berre slik, det er nokon som eig, og nokon som ikkje eig, seir ho.
Og dei som eig bestmmer over dei, oss, som ikkje eig, seier ho.
Det er vel slik, seier Asle.
Og slik må det vere, seier Alida.
Det må vel det, seier Asle.”

Fosse er mellom dei fremste norske forfattarane i utlandet, men kanskje ikkje mest leste her heime. Dette er ein god og typisk Jon Fosse – tekst!


0 kommentarer: